Vikariat Røntgenfysikar/ medisinsk fysikar – Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk
Helse Bergen
Helse Bergen HF har ledig 1 års vikariat som Røntgenfysikar frå starten av 2019.
Seksjon for medisinsk fysikk er eit kompetansesenter innan fagfeltet medisinsk fysikk. Vi er i dag om lag 30 tilsette, alle med universitets- eller høgskuleutdanning. Ein stor del av seksjonen sine arbeidsoppgåver er å yte teknisk og fysikk-service til avdelinga si stråleterapieining. Seksjonen yter røntgenfysikk-tenester til heile Helse Bergen og Helse Førde, samt til fleire føretak i Hordaland.
Røntgenfysikkgruppa består for tida av 4 heiltidstilsette. Ein av dei tilsette skal ha permisjon, og i den samband vil det bli ledig eit vikariat med eitt års varigheit.
Arbeidsoppgåver
- Røntgenfysikkgruppa utfører mellom anna strålefysisk kontroll av røntgenutstyr. Optimalisering av røntgenundersøkingar med omsyn til bildekvalitet og pasientdosar, er eit viktig satsingsområde. I tillegg er røntgenfysikkgruppa aktiv i opplæring, føredrag og undervising innan fagfeltet. Utanom eiga forsking, deltar også gruppa aktivt i forskingsamarbeid med mellom anna radiologar og radiografar.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer røngtenfysikar, helst med erfaring frå fysikkarbeid med konvensjonell røntgen og CT. Søkjar må ha høgare teknisk utdanning (siv.ing./ cand.scient/ master) innan fysikk, med hovudvekt på strålingsfysikk. Nyutdanna fysikarar er og velkomne til å søkje stillinga. Søkjare må meistre norsk både munnleg og skriftleg særs godt.
Utdanningsretning
- Fysikk
- Utdanningstittel: Røntgenfysikar/medisinsk fysikar
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du har vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
- Det er viktig at du kan vere positiv med omsyn til å yte ekstra innsats i periodar med høg aktivitet, og til varierande tider på døgnet
Språk
- Norsk
- Engelsk
Vi tilbyr
- Start vikariat 1 kvartal 2019
- Lønn etter avtale
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Andre opplysningar
- Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben
For meir info:
LINK til annonsen: Ledig vikariat Helse Bergen
Søknadsfrist: 09.12.2018