Ledig stilling som Medisinsk Fysiker i Ålesund

MEDISINSK FYSIKER / FYSIKER

Vi har ledig fast 100% stilling som medisinsk fysiker / fysiker frå 01.02.2018

Kreftavdelinga i Helse Møre og Romsdal disponerer moderne utstyr for planlegging og gjennomføring av strålebehandling, og er såleis utstyrt med 2 Elekta Versa HD lineærakseleratorar frå 2015 med EPID-utstyr, gating utstyr frå C-Rad, ny Phillips multislice big bore CT og moderne doseplanleggingsutstyr frå RaySearch. Avdelinga behandlar bla både med VMAT teknikk og stereotaktisk behandling.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsområdet vil vere innanfor eit breidt spekter av medisinsk fysikk, som:
  • Planlegging og gjennomføring av pasientbehandlingar
  • Kvalitetssikring av apparatur og prosedyrer
  • Implementering av ny teknologi samt vidareutvikling av eksisterande teknikkar

Kvalifikasjonar

  • Den som vert tilsett må minst vere siv.ing / cand. scient. / master innan fysikk.
  • Innsatsvilje, erfaring frå stråleterapi og dokumenterte gode samarbeidsevner vert lagt vekt på

Vi tilbyr

  • Eit godt faglig miljø med internundervisning, faste møter og eit variert arbeidsfelt innen faget.
  • Avdelinga kan tilby utfordrande arbeidsoppgåver i ei moderne og godt utstyrt stråleterapieining
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Løn etter gjeldande tariff

LINK TIL ANNONSEN

Søknadsfrist: 16.11.2017