Medisinsk fysikar/fysikar – Klinikk for medisin, Kreftavdelinga, Ålesund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
Det er ledig ei 100 % fast stilling som medisinsk fysikar frå 04.08.2014.
Kreftavdelinga i Helse Møre og Romsdal disponerer moderne utstyr for planlegging og gjennomføring av strålebehandling, og er såleis utstyrt med 2 lineærakseleratorar med EPID-utstyr, gating utstyr, multislice CT og moderne doseplanleggingsutstyr med modul for IMRT-planlegging. Den eine akseleratoren har biletvegleia behandling(CBCT) som blir benytta i klinisk drift. Seksjonen har høgt fokus på FoU arbeid. Arbeidsområdet vil vere innanfor eit breidt spekter av medisinsk fysikk.
Arbeidsoppgåver:
• Planlegging og gjennomføring av pasientbehandlingar
• Kvalitetssikring av apparatur og prosedyrer
• Implementering av ny teknologi samt vidareutvikling av eksisterande teknikkar
Kvalifikasjonar:
• Den som vert tilsett må minst vere siv.ing / cand. scient. / master innan fysikk, og helst kunne dokumentere spesialistkompetanse/erfaring som medisinsk fysikar jfr. strålevernføreskrifta §33
• Innsatsvilje og dokumenterte gode samarbeidsevner vert lagt vekt på
Vi tilbyr:
• Avdelinga kan tilby utfordrande arbeidsoppgåver i ei moderne og godt utstyrt stråleterapieining
Søknadsfrist: 18.06.2014
For meir informasjon: