Ledig stilling hos Statens Strålevern

Der er ledig 1 fast stilling som seniorrådgjevar i seksjon medisinsk strålebruk hos Statens strålevern (Bærum)

Statens strålevern arbeider for å redusere negative følgjer av stråling. Våre 125 tilsette har varierte og spennande oppgåver innanfor blant anna forvaltning av strålebruk, overvaking, sikkerheit og beredskap. Vi er myndigheit og fagdirektorat under Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet. Vi held til i trivelege lokale på Østerås i Bærum. Meir informasjon om Strålevernet finst på nettsida

 Om seksjon medisinsk strålebruk i avdeling strålebruk:

Avdeling strålebruk består av tre fagseksjonar og ein stab, til saman 42 personar. Avdelinga er ansvarleg for forvaltning av strålevernlova med forskrifter og for Strålevernet sine måletenester. Seksjon medisinsk strålebruk har 11 medarbeidarar og driv forvaltnings- og tilsynsarbeid, regelverksarbeid og kvalitetssikring i medisinsk strålebruk. Seksjonen sitt arbeid omfattar også rådgjeving og informasjon til verksemder og publikum, internasjonalt samarbeid, fagleg oppdatering og utvikling innanfor bruk og verknader av stråling til medisinske formål.

I tråd med utviklinga i samfunnet arbeider avdeling strålebruk med å digitalisere forvaltningsprosessar, å utvikle gode system for elektronisk overvaking av medisinsk strålebruk og å bidra til utvikling av kliniske avgjerdsstøttesystem i radiologi.

 Vi søkjer ein engasjert medarbeidar med prosjekterfaring og kunnskap om e-helse:

Arbeidsoppgåvene vil blant anna omfatte:

  • Deltaking i Strålevernet sine e-helseprosjekt
  • Deltaking i digitaliseringsprosjekt i avdelinga
  • Forvaltning, tilsyn og saksbehandling etter strålevernlova, strålevernforskrifta og internkontrollforskrifta
  • Rettleiing av verksemder og enkeltpersonar i strålevernrelaterte spørsmål, og deltaking i nasjonale og internasjonale møte og samarbeidsarenaer

Noko arbeid retta mot bruk av ioniserande kjelder i industriell verksemd (seksjon ikke-medisinsk strålebruk) vil kunne bli aktuelt.

Den som blir tilsett, må rekne med noko reiseaktivitet i samband med møte, tilsyn og fagleg samarbeid.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på bachelor- eller masternivå innanfor fagområda radiografi, radiologi eller medisinsk fysikk
  • Erfaring frå fagområdet bildediagnostikk og intervensjon med tilhøyrande elektroniske informasjons- og arkivsystem
  • Prosjekterfaring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Ønskte eigenskapar og erfaring som vil bli vurdert:

  • Erfaring med utvikling og/eller bruk av IT-system i sjukehus
  • Interesse for utvikling av elektroniske løysingar som hjelpemiddel i forvaltninga
  • Evne til å ta utfordringar og arbeide nøyaktig, systematisk og effektivt
  • Fleksibilitet og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Personleg eigna for stillinga

 Vi tilbyr:

  • Spennande utfordringar i ei triveleg avdeling med kompetente medarbeidarar
  • Gode låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Statens strålevern er ei IA-bedrift.

Søknadsfrist: 12.03.2018

Link til annonsen