Ledig vikariat som Røntgenfysiker/Medisinsk Fysiker i Helse Bergen HF

Vikariat Røntgenfysikar/ medisinsk fysikar – Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk

Helse Bergen HF har ledig 1 års vikariat som Røntgenfysikar frå starten av 2019.

Seksjon for medisinsk fysikk er eit kompetansesenter innan fagfeltet medisinsk fysikk. Vi er i dag om lag 30 tilsette, alle med universitets- eller høgskuleutdanning. Ein stor del av seksjonen sine arbeidsoppgåver er å yte teknisk og fysikk-service til avdelinga si stråleterapieining. Seksjonen yter røntgenfysikk-tenester til heile Helse Bergen og Helse Førde, samt til fleire føretak i Hordaland.

Røntgenfysikkgruppa består for tida av 4 heiltidstilsette. Ein av dei tilsette skal ha permisjon, og i den samband vil det bli ledig eit vikariat med eitt års varigheit.

Arbeidsoppgåver

  • Røntgenfysikkgruppa utfører mellom anna strålefysisk kontroll av røntgenutstyr. Optimalisering av røntgenundersøkingar med omsyn til bildekvalitet og pasientdosar, er eit viktig satsingsområde. I tillegg er røntgenfysikkgruppa aktiv i opplæring, føredrag og undervising innan fagfeltet. Utanom eiga forsking, deltar også gruppa aktivt i forskingsamarbeid med mellom anna radiologar og radiografar.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer røngtenfysikar, helst med erfaring frå fysikkarbeid med konvensjonell røntgen og CT. Søkjar må ha høgare teknisk utdanning (siv.ing./ cand.scient/ master) innan fysikk, med hovudvekt på strålingsfysikk. Nyutdanna fysikarar er og velkomne til å søkje stillinga. Søkjare må meistre norsk både munnleg og skriftleg særs godt.

Utdanningsretning

  • Fysikk
  • Utdanningstittel: Røntgenfysikar/medisinsk fysikar

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du har vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
  • Det er viktig at du kan vere positiv med omsyn til å yte ekstra innsats i periodar med høg aktivitet, og til varierande tider på døgnet

Språk

  • Norsk
  • Engelsk

Vi tilbyr

  • Start vikariat 1 kvartal 2019
  • Lønn etter avtale
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

For meir info:

LINK til annonsen: Ledig vikariat Helse Bergen

Søknadsfrist: 09.12.2018

Published on: 2018/11/29, 09:35