Ledig fast stilling som Røntgenfysiker/Medisinsk Fysiker i Helse Bergen HF

Røntgenfysikar/Medisinsk fysikar – Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk

HELSE BERGEN HF HAR LEDIG FAST STILLING SOM RØNTGENFYSIKAR.

Seksjon for medisinsk fysikk er eit kompetansesenter innan fagfeltet medisinsk fysikk. Vi er i dag om lag 30 tilsette, alle med universitet eller høgskuleutdanning. Ein stor del av seksjonen sine arbeidsoppgåver er å yte teknisk og fysikk-service til avdelinga si stråleterapieining. Seksjonen yter røntgenfysikk-tenester til heile Helse Bergen og Helse Førde, samt til fleire føretak i Hordaland.

Røntgenfysikkgruppa består for tida av 4 heltidstilsette. Vi søkjer etter medisinsk fysikar med høg fagleg kompetanse og erfaring.

Arbeidsoppgåver

  • Røntgenfysikkgruppa utfører mellom anna strålefysisk kontroll av røntgenutstyr. Optimalisering av røntgenundersøkingar med omsyn til bildekvalitet og pasientdosar, er eit viktig satsingsområde. I tillegg er røntgenfysikkgruppa aktiv i opplæring, føredrag og undervising innan fagfeltet. Utanom eiga forsking, deltar også gruppa aktivt i forskingsamarbeid med mellom anna radiologar og radiografar.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer erfaren røntgenfysikar, helst med fleire års erfaring frå fysikkarbeid med konvensjonell røntgen og CT. Søkjar må ha høgare teknisk utdanning (dr.ing./ siv.ing./ cand.scient/ master) innan fysikk, med hovudvekt på strålingsfysikk.
  • Søkjar må meistre norsk både munnleg og skriftleg, særs godt.

Utdanningsretning

  • Fysikk
  • Utdanningstittel: Røntgenfysikar/medisinsk fysikar

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • Høgskule/universitet, doktorgrad

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du har vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
  • Det er viktig at du kan vere positiv med omsyn til å yte ekstra innsats i periodar med høg aktivitet, og til varierande tider på døgnet

Språk

  • Norsk
  • Engelsk

Vi tilbyr

  • Snarleg tilsetjing
  • Lønn etter avtale
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

For meir informasjon:

LINK TIL ANNONSEN: Ledig stilling Helse Bergen

SØKNADSFRIST: 09.12.2018

Published on: 2018/11/28, 15:14