Retningsliner for tildeling av midlar frå NFMF


Vedteke på årsmøte 17. november 2000

Forslag til nye retningslinjer for reisestipend
(trer ikke i kraft før etter vedtak på årsmøtet i 2010)

NFMF har som målsetjing å stimulera medlemmene til kompetanseoppbygging innan fagområdet medisinsk fysikk ved å gje økonomisk støtte til deltaking på nasjonale og internasjonale kurs og konferansar, til gjesteopphald på andre institusjonar, utveksling av fagpersonell mv. Midlar frå foreininga er meint som eit tilskot, og vil vanlegvis ikkje vera fullfinansierande for søknaden.
 

Økonomisk ramme

Årsmøtet vedtek i budsjettet for komande år ramme for tildeling av midlar.
 

Aktuelle søkjarar

Berre personar som har fullt medlemskap i NFMF kan søkja støtte. Fysikarar i startfase og fysikarar som har vanskar med å få pengar til slik reise av eigen institusjon skal prioriterast høgast blant søkjarane.
 

Søknadsfristar

Søknadsfrist for tildeling av midlar er 01.02. og 01.06. kvart år. Opplysningar om dette står på nettsidene til foreininga.
 

Søknaden

Søknad om tildeling av midlar skal innehalda:

Kriterie for tildeling av midlar

Styret i NFMF avgjer søknadane etter følgjande kriterie i prioritert rekkefølgje:


Relevante søkjarar som tidlegare ikkje har fått midlar kan prioriterast framfor søkjarar som har fått midlar.

Kompetanseoppbygging skal vektleggjast sterkt, og søkjarar i opplæringsfase kan prioriterast opp.
 

Søknadsbeløp

Styret avgjer kor mange av søkjarane som får midlar, og fordelinga av midlane mellom søkjarane. Vanlegvis vil halvparten av budsjetterte midlar bli utdelt ved kvar av dei to årlege søknadsrundane.

Styret bør ikkje gje ut meir midlar enn det som er budsjettert. Styret kan velja å ikkje dela ut midlar dersom dei ikkje får relevante søknader, eller dersom økonomien til foreininga er blitt vesentleg forverra i høve til vedteke budsjett.
 

Habilitet

Dersom styremedlemmer sjølve er søkjarar eller er medforfattar på arbeid det er søkt støtte til, skal ikkje vedkomande vera med på handsaming av søknadane.
 

Avgjerd i styret

Styret skal handsama søknadane innan ein månad etter søknadsfristen. Dei som får bevilga midlar skal få skriftleg melding om dette.
 

Utbetaling av midlar

Kasserar betaler ut bevilga midlar etter mottak av rekneskap med originalkvitteringar. I spesielle tilfelle kan utbetalinga skje forskotsvis. Reiserekning må sendast NFMF innan 1 månad etter avslutta reise.
 

Formidling

NFMF bed ikkje om eigen rapport for bruk av dei bevilga midlane, men ser gjerne at mottakar bidrar på MedFys-dagane med relevant fagleg presentasjon. (eige arbeid, referat frå konferansar, kurs, gjesteopphald oa.).
 
 
 
Returnerer til siden du kom fra Returnerer til toppen av siden



 
  Sist oppdatert 18.01.2010 av Rune