Velkommen til Stråleterapimøtet og MedFys 2006!

Ålesund, 21.-23. mars 2006


Foto: Sebastiaan van der Velden


Velkomne til Ålesund!

Arrangementet er avholdt og omtalt i Sunnmørsposten

21.-22. mars går MedFys-dagane 2006 av stabelen i Ålesund på Sunnmøre.

Vi held fram med å leggje møtet til våren, og i år er det gjort nok ein vri, ved å halde MedFys i førekant av Norsk Stråleterapimøte. I tillegg er den totale tida korta ned, slik at begge arrangementa strekk seg over tre dagar totalt.

Ålesund fekk bystatus i 1848, og fram til 1904 var Ålesund ein ”treby”. I 1904, natta til 23. januar, brann det i Ålesund. Det gjekk med 850 hus, og berre 230 bygningar stod att innanfor bygrensene etter brannen hadde herja. Heile 10000 menneske mista hus og heim, og dei vart innkvarterte på stader i Ålesund der det ikkje hadde brunne. Seinare vart dei plasserte rundt omkring i distriktet. Berre eit døgn etter brannutbrótet, kom dei første hjelpesendingane til Ålesund, og allereie etter tre år var mesteparten av den utbrende bykjernen reist oppatt. Omkring 50 ulike arkitektar var med på å teikne ”det nye Ålesund”. Desse representerte ei stor breidde geografisk, og mange av dei hadde utdanna seg i utlandet. Slik kom også Jugendstilen, som byen er kjend for, til Ålesund. Difor også namet Jugendbyen.

Eit godt tips å ta med seg på ein rundtur i byen, er å løfte blikket! Då vil ein få med seg dei særskilde tårna og spira på bygningane, ”utskjeringane” og dei særskilde fargane som pregar jugend-arkitekturen.

Elles er det klippfiskproduksjonen som har prega framveksten til byen. Dette starta allereie i 1750, og vart etterkvart den viktigaste eksportartikkelen i fogderiet. Det vart knytt kontakter mot Spania, og ”Spansketida” varte fram til 1870-åra. Denne epoken var eit vesentleg bidrag til den økonomiske veksten i Ålesund ved midten av førre århundret. Seinare kom det som kallast ”Svensketida”, som gav Ålesund eit ytterlegare løft og gjorde Sunnmøre til eit pionérområde i norsk havfiske.

I dag er Ålesund ein by som pregast av fysisk opprusting og omfattande byggjeaktivitet. Byen framstår som moderne, med fleire kjøpesenter, restaurantar og kaféar.

Vi håper du får eit triveleg opphald i Ålesund, med godt fagleg og kulturelt utbytte.

For meir informasjon om Ålesund, sjå www.visitalesund.com

Venleg helsing arrangementskommitéen.


Førebels program

Støtt våre sponsorer

13.3.2006: OPPDATERT program finnes her.

Første utkast til program og brosjyre finn du her (i PDF-format).


22. og 23.mars:
Norsk Stråleterapimøte 2006
Norsk Stråleterapimøte vert arrangert i etterkant av MedFys 2006, 22.-23.mars.

OBS! Måndag 20.03 vert det høve til ei omvisning på den nye Kreftavdelinga i Helse Sunnmøre ved Ålesund Sjukehus. Det vert sett opp buss frå hotellet omlag kl. 19. Ver merksam på at det skal kryssast av i påmeldingsskjemaet viss du vil vere med på denne omvisninga.

MedFys 2006 er sponset av

Elekta
Elekta
Seija Ahlén Medical
Seija Ahlén Medical
Laborel
Laborel
Varian
Varian

Påmelding

Påmelding kan gjerast via denne linken. Tidligfrist: innen 10. februar. Påmelding etter denne datoen, gir eit tillegg i konferanseavgiften på 300 NOK.

Konferanseavgift

Konferanseavgiften for MedFys 2006 er 2400 NOK. Ved deltaking på både MedFys og Norsk Stråleterapimøte, vert den totale konferanseavgiften 3800 NOK. Se internettpåmelding via Berg-Hansen. Ved påmelding etter 10. februar, kjem eit tillegg i avgiften på 300 NOK.

Lokaler

Konferansen vert halden på Radisson SAS Hotel, Ålesund. Hotellet ligg ytterst på bryggekanten i Ålesund sentrum, lett tilgjengeleg frå både flybuss og hurtigrute.


Transport

Det er busstransport frå Ålesund Lufthavn, Vigra, etter kvar flyankomst. Turen tek omlag 25 minutt, og bussen stoppar ved hotellet på signal. Rutebåtane legg til i gangavstand frå hotellet.

Sponsorer  /  Sponsors  

Sponsors and companies who would like to register an exhibition, please choose this link. (REMOVED: The conference has been held.)
Sponsorer og firma som ønskjer utstillingsplass, venlegast gå til denne sida. (Fjernet: Konferansen er over)

Utstilling

Fleire firma demonstrerer sine produkt på MedFys 2006. Vi oppfordrar deltakarane til å vitje utstillingane, som vil vere plasserte i direkte tilknyting til foredragslokala.

Påmelding av frie foredrag og posters

Programkomiteen ønsker å motta foredrag og postere til MedFys 2006, og det er satt av tid i programmet til presentasjon av frie foredrag. Påmelding skjer per e-post til Ludvig.Muren@helse-Bergen.no innen 17.02.06, der det vedlegges et norsk eller engelsk sammendrag (på ca 1/2 A4-side) av arbeidet som ønskes presentert. Vennligst opplys om det ønskes presentert som foredrag og/eller poster. Det tas gjerne i mot postere som har vært presentert ved tidligere internasjonale konferanser.

Kontakt

Generelle spørsmål kring påmelding og konferansen elles rettast til gruppeopplevelser.Kristiansand@Berg-Hansen.no.

Berg-Hansen Gruppeopplevelser

      Arrangementet er støttet av
Returnerer til siden du kom fra Returnerer til toppen av siden

  Sist oppdatert 01.06.2006 av webmaster@nfmf.org